Første tese er at norsk bistandspolitikk er orientert mot volum heller enn mot resultat, og ein-prosentmålet er viktigare for politisk debatt enn om bistanden fungerer. Det siste blir sagt så ofte at det er blitt politisk munnsvær. Men det finst ikkje fnugg av evidens for at å yte ein prosent av GNP er mindre kostnadseffektivt enn å yte 0,5 prosent, om den forvaltninga som skal til blir styrka tilsvarande. Og det er sannsynleg at å yte 100 millionar kroner for eksempel til eit sektorprogram er meir kostnadseffektivt enn å yte 10 millionar.
Det er vidare ikkje sant at prosentmål eller volum dominerer utviklingsdebatten. Sjølvsagt handlar statsbudsjettet om prioritering i form av pengar, som på alle andre område. Men ein enkel gjennomgang av stortings- eller avisdebattar vil fort vise at dei handlar mest om innhald, geografi, tema, og ikkje minst resultat. Det gruppa derimot har rett i er at forvaltningsapparatet ikkje har halde tritt med oppgåvene. Det skuldast politiske vedtak over tid, og ikkje mangel på pengar eller kompetanse.
Andre tese er at norsk bistand ikkje tilpassar seg ein endra verden. Han spreier seg for mykje. Men er det ikkje akkurat å tilpasse seg bistanden gjer? Medan bistand økonomisk betyr mindre for utviklingslanda, er han blitt eit sentralt verkemiddel på dei fleste utanriks- og utviklingspolitiske område, og finn nye former. Bistanden er blitt viktig for å hindre global oppvarming, kontroll av epidemiske sjukdommar, kamp mot internasjonal kriminalitet, og fred og tryggingspolitikk. Det skjer i takt med at globaliseringa får oss til å forstå at dei fleste av oss – vi er slett ikkje alle i same båt – har interesse i å arbeide for globale felles gode.
Det kan argumenterast for at det norske engasjementet blir meir kostnadseffektivt om det konsentrerer seg om få tema eller innsatsar, fordi det for forvaltninga blir mindre krevjande når det gjeld kompetanse og administrasjon. Men norsk utviklingssamarbeid omfattar så mange ulike partar, ulike departement og direktorat, universitet og høgskular, profesjonelle bistandsorganisasjonar og misjonsforeiningar, idrettslag, bedrifter og enkeltpersonar. Dette engasjementet er viktig i seg sjølv. Og det er slett ikkje sikkert at ein slik konsentrasjon som gruppa ønskjer seg vil vere meir til nytte for utviklingslanda eller betre svare på dei globale utfordringane vi står overfor. Realiteten er at bistand er eit verkemiddel som blir brukt breitt. Slik kjem det til å halde fram, fordi verda ikkje blir mindre kompleks.
Tredje tese er at Norge må evaluere bistanden med utgangspunkt i langsiktige mål og strategiar, og detaljert måling og kortsiktige resultat kan stå i vegen for det. Eg er einig i at det er nok nå med detaljert måling av bistandsprosjekt og -program. Systemet er i ferd med å bli for rigid. Men ikkje gløym kor vi kjem frå. For ti-femten år sidan visste vi for lite om resultat av norsk bistand. Som direktør i Norad tok Poul Engberg-Pedersen tak i det, og vi har i dag mykje meir kunnskap.
Samtidig er det også grenser for kva ein kan måle. Ein kan måle resultat av norske bistandstiltak, om ikkje alltid i tal. Men ein kan ikkje måle resultatet av bistanden, eller setje opp reknestykke for den langsiktige verknaden av denne bistanden. Like lite som eg trur det er muleg å måle effekten av alle dei statlege og private ressursane som blir brukte på den norske idrettsbevegelsen. Ingen ville vel heller komme på tanken å prøve. Men å svekkje krav om resultat for enkelttiltak bringer oss ikkje lenger i retning av å evaluere langsiktige mål og strategiar. Å telje barn som får skulegong seier ikkje alltid så mykje om kor god utdanning barna får, eller om Norge gjennom utdanningsstøtte bidrar til langsiktig vekst og velferd. Men utan å vite noko om kortsiktige resultat vil ein vite endå mindre om langsiktig verknad.
Fjerde tese er at norsk bistand treng ein langsiktig, heilskapleg og konsentrert strategi. Også lett å slutte seg til, i teorien. Men i følgje gruppa skal det innebere skarpare prioritering av tema, sektorar og land. Javel. Men vil ein då avslutte hundrevis av gode tiltak som, for å kunne lykkast, nettopp er avhengige av det langsiktige som gruppa etterlyser?
Internasjonal bistand er i kraftig endring. Ikkje berre blir han brukt på fleire område enn før, det er også med mange fleire deltakarar. Eit utal ulike slags initiativ, organisasjonar og institusjonar dukkar opp, private og offentlege, kommersielle og ideelle, lokale, nasjonale og globale. Skiljet mellom offentlege og private pengar blir mindre. Denne utviklinga vil bli sterkare etter som teknologien akselererer og avstandane blir mindre. For eksempel vil alle dei migrantane frå Afrika som vil halde fram med strøyme til Europa bidra til det.
Somme meiner den internasjonale bistandsarkitekturen er i kaos. Det er feil måte å sjå det på. Men vi har nådd så langt som det er muleg i retning av internasjonal samordning av bistanden, og har berre lukkast så måteleg. Og det har kosta i meste laget i tid og pengar. Det mangfaldet som nå oppstår kan ikkje koordinerast, og slett ikkje styrast. Det vi kan håpe på i ein stadig meir kompleks verden er at vi kan skape ei felles forståing, slik at vi kan få ei kritisk masse av aktørar til å gå i same retning. Det har vi internasjonale konferansar og toppmøte til, og konvensjonar og globale mål. Så må vi kombinere den velkjende norske fleksibiliteten med kontinuitet og langsiktig tenking.
Norsk bistand er mangfaldig, og det er bra. Kvifor då ikkje heller la dei tusen blomar bløme? Så kan vi alle arbeide for å knyte saman dei ulike formene for samarbeid på nasjonalt og lokalt nivå for å nå fram til dei fattige milliardane.